Sider

fredag 12. april 2013

Bakgrunn og prosess

Korleis vart det første bokprosjektet mitt til? 


I haust kjem mi første bok. Det er ei fagbok, den skal heite Digial Forretningsforståelse, og kjem ut på Fagbokforlaget. Og ja, den er på bokmål for dei som måtte undre seg over tittelen.

Eg har dei siste åra hatt ansvaret for faget Administrative Informasjonssystemer ved HiB. Det er det ein ville kalla eit "Management Information Systems"-fag i engelsktalande land, og det fins eit utal amerikanske bøker som er retta inn mot slike fag. Problemet som dei fleste som underviser har merka med amerikanske bøker, er at dei er svært omfangsrike med hensyn til talet på ord, og at mange av eksempla dei bruker er frå "mellomstore" verksemder med 40 000 tilsette. Dette er fjernt for arbeidskvardagen dei fleste av studentane mine skal ut i.

Difor fann eg ut at eg skulle bytte ut amerikansk lærebok med eit kompendie hausten 2011. Eg skreiv 8 kapitlar og brukte kopiar frå andre lærebøker for å dekke resten av pensum. Det kom ingen store protestar frå studentene på kompendiet, det kan ha samaheng med at det var på norsk (det er alltid nokon som klagar over at dei må lese på engelsk) og at den digitale versjonen var gratis. Den trykte versjonen av kompendiet var og vesentleg rimelegare enn bøkene som tidlegare har vore pensum på kurset. Eller så kan det hende at dei fekk tak i det som stod der.
Kompendiet 2011

Forutan å skrive hovudoppgåva mi eg ei handfull kronikkar dei siste åra var dette mitt første forsøk på bokformatet. Ein annan ting som skjedde hausten 2011 var at eg vart kjend med Knut Ebeltoft. I tillegg til å ha god musikksmak (hard rock og heavy metal) er han redaktør på Fagbokforlaget. Ettersom eg var interessert i å få litt tilbakemelding på skrivinga mi, spurde eg han om han kunne tenkje seg å lese gjennom det eg hadde skreve, og gje tilbakemelding slik at eg neste gong kunne skrive betre. Dette svarte han ja på . Eg sendte det eg hadde skreve i slutten av november, saman med meldinga:


Takkar!
 
Det er første gong eg skriv i dette formatet, så du får gjerne vera nådelaus.
 
Mvh Tarjei

Eg er usikker på om det som skjedde etterpå var hans måte å vera nådelaus på, men han meinte iallefall at det absolutt var potensiale for gje ut ei bok basert det det eg hadde skreve. Dette vart starten på den meir formelle prosessen fram til utgjevinga.

Arbeidet forsette framover våren 2012. Vi starta med å sjå på fagplanar frå dei ulike høgskulane i landet. Slik arbeidde vi fram ei vinkling som kan vera til nytte for flest mogeleg kurs. Vi vil jo at flest mogeleg skal ta boka i bruk! Rundt mars låg eit utkast til strukturering av boka klart, og i april var det formelle i orden; kontrakt signert.

Framover våren og sumaren skreiv eg nye kapittel for i første omgang dekke opp resten av kompendiet for Administrative Informasjonssystemer hausten 2012. Eg vart nesten ferdig til studiestart, men det komplette kompendiet kom ikkje før i starten av oktober. Fram til dette fekk studentane tilgang på dei aktuelle kapitla før forelesing. Dette var nest siste gong kurset skulle gjennomførast. Studieplanen vart omorganisert, og fleire av elementa i dette faget vart flytta til eit anna fag: Digital Informasjonsbehandling.

Dette faget har studentane  i første semester, og i tillegg til å lære om informasjonssystem skal dei og lære om digitalisering, einingar for digitalisering og datakommunikasjon, samt praktisk bruk av kontorstøtte i form av MS Office. Eg skreiv og nye kapittel for å dekke dette, bortsett frå om praktisk bruk av Office.

Litt gjennomlesing på Flesland. 

Etter ein travel haust, mest på grunn av undervisning, fekk eg innvilga to vekers skrive/familieperm. For å kome meg litt vekk tok eg med familien til Den Dominikanske Republikk. På det siste møtet før eg reiste kom redaktøren med bomba: Kva om vi snur heilt opp ned på den stukturen vi har jobba med fram til no? Vi flyttar alt som står først bakerst, og alt som står bakerst først! Eg forstod to ting då: at han hadde heilt rett og at dette ville gjere boka betre, og at eg var mykje lenger unna å fullføre boka enn eg hadde trudd.

Skrive/familieturen kom og gjekk, eg levde på ingen måte som Hunter S. Thompson, men eg fekk nokre dagar med skrivero, enten i leligheta der vi budde medan kone og born var på stranda, eller på kafé. Små mengder karibisk rom og karibiske sigarar klarte og å snike seg inn i prosessen, og eg kjende at eg likte det. Skrivinga altså. Og rommen lukta godt.

Hunter S Thompson light. 
 Eg var rimeleg produktiv på skriveferien, og på nyåret hadde eg det første møtet på sjølve forlaget. Vi vart einige om at eit par endringar til på strukturen og kva som mangla, og ein frist for innlevering av oppdatert manus vart sett. Den fristen vart for knapp gitt, men eg leverte det neste utkastet før påske. Den 5/4, dagen etter at eg fylte 43, hadde vi det siste møtet, også det hjå forlaget. Det siste manuset treng eit par omformuleringa, bilder må sendast inn og arrangerast, og eit halvt kapittel til skal skrivast. Dette skal leverast i løpet av april, og då er boka ute av mine hender, og i hendene til korrekturlesarane, designarar, layout-folk og trykkarar. Det kjennes bra!

Her kjem boka mi til å bli liggande, forhåpentlegvis ikkje så lenge om gongen.
Alt i alt har prosessen gått fort fram til no. Redaktøren kjem med nyttige innspel og perspektiv som eg meiner har gjort boka betre. Det har vore tider der eg har vore frustrert, kvar gong eg har sendt frå meg noko kjem eg på alle tinga eg burde gjort betre. Men mest av alt har eg likt å vera forfattar.

I neste bloggpost vil eg ta for meg boka sitt konsept og strukturen eg har brukt. Takk for at du leste!


2 kommentarer:

  1. Tusen takk for interessant innsikt i skriveprosessen. Ser frem til å lese boken! Mvh Sveinung Jørgensen

    SvarSlett
  2. Takk for det Sveinung! Blir spanande å lese dykkar bok og!

    T

    SvarSlett