Sider

onsdag 8. mai 2013

Boka levert! Litt om konseptet bak.

2. mai leverte eg inn ferdig manus. Og dagen etter ei oversikt over bilder som skal inn i boka. I dag skal det dukke opp ein produksjonsplan som set frister for resten av arbeidet, det første er at boka skal på språkvask.
Nærare 64000 ord er det i teksten som er levert. Bildene i boka, som kjem i svart-kvitt, er stort sett skjermdumpar frå PC og mobiltelefon, men eg har og fått løyve til å bruke ei av Kim Holm sine teikningar. Nyt biletet i fulle fargar under. Temaet for bildet er ei av dei store fadesene innan sosiale medier her i tillands: Rita Ormbustad sitt utspel på Facebook om MGP-vinnar Stella Mwangi.

"Gi mæ sama, isbjørna og moskusa! Æ syns d e d vi skal sæll, å itj at vi har åpne asylmottak!!!!"
For ikkje så mange år sida var det godt mogeleg å avgrense digitale aktivteter til ein e-post i ny og ne. Det er sjølvsagt framleis mogeleg, men i dag er folk flest djupt inne i den digitale verda. I tillegg til e-posten er det no meldingar på alle slags sosiale medier, bilder og videoer vert posta over ein låg sko, joggeturar vert dokumentert o.s.b. Det digitale har vorte ein naturleg del av kvardagen. 


Del I: Den digitale kvardagen


Boka si oppbygning skiller seg litt frå andre bøker med liknande tema, som til dømes Innføring i informasjonsbehandling av Trond R Braadland. Der ein i liknande bøker gjerne startar med bits og bytes, og datamaskina sin historie tar boka mi for seg Store Data (Big Data) først. Og Store Data, det er nettopp det folk genererer med sine daglege digitale vaner. Å starte med det som tema representerer difor noko som er kjent for dei fleste potensielle lesarar. Det som gjerne ikkje er så kjent er at dette fenomenet av mange reknast som ein revolusjon innan bedriftsleiing. For privatpersonar er det i dei sosiale mediene at mykje av desse store dataene vert generert, og for bedrifter er dette interessante data å analysere. Dirfor vert sosiale medier teke opp tidleg i boka. 


Del II: Forretningssystem


Den neste delen av boka tar for seg forretningssystem. CRM (handtering av kunderelasjonar) og SCM (leiing av forsyningskjeda) vert gjennomgått før ein ser på korleis data kan strukturerast for både datafangst og analyse. Så vert logisk og fysisk struktur for applikasjonar gått gjennom før fleire forretningsapplikasjonar vert gjennomgått. Den digitale butikkfronten, altså nettbutikken, knyt forretningssystem saman med kunden via nettlesaren, og smarttelefonen vert meir og meir vanleg som klient til alle typar applikasjonar. 

Kattar er ein stor del av den digitale kvardagen.

Del III: Digitalisering og digitale einingar


Etter at ein har sett nytten av ulike typer system i dei to første delane av boka skal det verte lettare å forstå teknologien som ligg bak. Korleis vert informasjon digitalisert, kva slags einingar vert brukt til digitalisering og korleis vert denne digitale informasjonen delt mellom maskinar? Det er temaet for del III.


Del IV: Digital forretningsdrift


Boka har frå første kapittel fokus på gevinstar. I den siste delen er tanken å knyte det digitale opp mot forretningsstrategi. Korleis kan data og forretningsapplikasjonar støtte opp under prosessar i bedrifta, prosessar som i sin tur skal hjelpe bedrifta til å nå strategiske mål? Formålet med forretningsapplikasjonar er å hjelpe bedrifta med å skape verdiar, og å hjelpe bedrifta med å oppnå konkurransefortrinn. Denne delen har og fokus på datatryggleik og grøn IT. 

Ellers har eg fått stadfesta at boka skal vera ferdig den 6. august. Fram til dess skal eg gå litt nærare inn på dei ulike delane av boka i bloggpostane mine. Det vert spanande! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar