Sider

onsdag 4. september 2013

E-bok: Lettare tenkt enn gjort!

E-bok-versjonen av Digital Forretningsforståelse er ute no! Du kan kjøpe den her

Då skriveprosessen nærma seg slutten, fekk eg ei gladeleg melding hjå forlagsredaktøren: Boka skulle i tillegg til den vanlege papirboka også komme i elektronisk format. Stas! Men, det er jo nesten sjølvsagt at ei bok med denne tittelen også må vera tilgjengeleg i digital form.

E-boka, vist på min Samsung Galaxy Tab 7.7., skriftstorleik 7 pt.


Eg har lest eit par bøker på nettbretta mine, aldri hatt Kindle, og har aldri reflektert så mykje over korleis ei e-bok vert til. Det var jo klart at den skulle lagast av det digitale manuset eg leverte inn. Det viser seg at dette ikkje er ein rettlinja prosess.

Epub

Formatet som er brukt, og som per dags dato er standard for e-bøker (dersom ein ser bort frå Amazon sitt proprietære format AZW) er Epub. Dette er eit ope format, og er basert på XHTML og XML. Utan å verte for teknisk kan ein seie at ein tar utgangspunkt i teksten, og deretter bruker desse to språka for å definere korleis boka skal sjå ut i eit program eller ein app som skal vise fram boka for lesaren på nettbrett e.l. Det kan samanliknast med HTML, som er det spåket som definerer korleis ei nettside skal sjå ut i forhold til skriftstorleik, overskrifter, plassering og storleik på bilder m.m.

For uavhengige forfattarar er eit alternativ å bruke ei teneste som Smashwords eller Lulu for å få hjelp til konverteringa. Desse tenestene tilbyr og å selge bøkene for deg, mot ei avgift. Er du god teknisk, kan du programmere e-boka di sjølv (følg lenka, og scroll ned til "Coding By Hand") . Det er definitivt ikkje noko for meg.

Tekst

Dei omtala formata for e-bøker er laga for bøker med tekst, og berre tekst. Ein må til dømes klikke på lenker i boka for å få sett på figurane. Ein av fordelene med e-bøker er at ein kan legge klikkbare lenker i teksten, slik at ein kan opne nettsidene det er referert til direkte frå teksten. Talet på lenker og talet på figurar vil dermed auke jobben med å konvertere boka til Epub. I boka mi er det mange lenker, og det er litt av den grunn at den er forsinka. Men det er ikkje den einaste utfordringa ei fagbok møter ved konvertering til e-bok.

Teknisk

Dersom du vil sjå litt korleis XML-ser ut, kan du lagre eit vanleg MS Word-dokument som XML (Fil - Lagre som, velg Word XML) og deretter åpne det i programmet notisblokk. Då vil du sjå koden som fortel korleis dokumentet er formatert. Dei som lagar e-boka vil få boka i eit slikt format. Dersom det er snakk om ei bok som er klargjort for trykk kan det hende at programmet som er brukt heiter InDesign, som og kan eksportere XML. Dei som no skal lage den endelege e-boka må tilrettelegge den XML-fila slik at den passar til Epub-formatet. Til dette brukar dei noko som heiter XLST, som er eit språk som konverterer XML-filer til andre typer XML-filer (!). Forvirra? Det er meir!

Bokbasen

Alle e-bøker som skal selgjast i Noreg må registrerast i systemet Mentor, som er ein del av Bokbasen AS. Bokbasen driv "bransjens metadatabase, Den norske Bokdatabasen®, samt flere søke-, navigasjons- og bestillingstjenester". Dei største eigarane er forlaga Gyldendal og Aschehoug. Dette systemet ligg til grunn for alle bokhandlarane, og er basisen for nettbaserte bokhandlarar sine nettsider. Den siste jobben er å sikre at den epub-fila og vert godkjent av dette systemet. Og her kjem det ironiske: i boka mi, spesielt i delen om forretningssystem, er det ei viktig poeng at ulike system snakkar saman. Og, det oppstod eit problem med at det eine systemet ikkje kunne godkjenne fila som vart sendt frå det andre systemet. Årsaka kan ha vore ei oppgradering av programvaren til systemet som skulle motta fila. Dette har forsinka arbeidet med å få e-boka mi publisert.



Kindle Reader

Det er ingen tvil om at det er e-bok lesaren Kindle som er killer-appen når det gjeldt spreiinga av e-bøker. Alle eg kjenner som har Kindle kan ikkje skryte nok av eininga og å lese bøker på eininga. Problemet med Kindle er at Amazon har eit proprietært filformat på bøkene, og dette betyr at e-bøker du kjøper via Amazon berre kan lesast på ein Kindle, eller på ein Kindle-app dersom du vil lese på telefon eller nettbrett. Du kan heller ikkje kjøpe e-bøker frå ein annan butikk enn Amazon viss du vil lese dei på Kindle-eininga.

Det er for tida få norske forlag som sel e-bøker på Amazon (imidlertid kan du publisere dine eigne bøker som privatperson), men ting skjer. For å kunne gjere dette måtte forlaget i ugangspunktet opprette eige selskap i både USA og UK, eller inngå partnarskap med ein forlag som er etabler i desse områdene. I tillegg er Kindle best tilpassa tekst-bøker, og boka mi har ein del modellar, bilder og tabeller som er viktige. Derfor er Epub og Epub-lesar på nettbrett eit betre alternativ.

Er e-bøker egna for fagbøker? 

Eg er spent på tilbakemeldingane på e-boka. Sjølvsagt er tilbakemeldingane på innhaldet det viktigaste, men det er fleire som har spurd om når e-boka kjem, og då vil dei etter å ha lest kunne seie noko om fordeler og ulemper ved e-bøker i forhold til papirbøker. Eg tar faktisk opp miljøaskpektet ved e-bøker i kapittel 20, brukaraspektet håpar eg at eg skal få meir erfaring med i etterkvart som mi eiga e-bok vert tatt i bruk.

E-boka kan du kjøpe her. Og eg ser fram til kommentarar og tilbakemeldingar, både på papirbok og e-bok!